Gibraltarsundet







Gibraltarsundet sett frå verdsrommet.
(Nord er til venstre: Den iberiske halvøya er til venstre og Nord-Afrika til høgre.




Historisk kart over Gibraltarsundet av Piri Reis



Gibraltarsundet (arabisk مضيق جبل طارق, spansk Estrecho de Gibraltar) er eit smalt sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. Namnet kjem frå Gibraltar, som igjen har fått namn frå det arabiske Jebel Tariq (som tyder «Tariqs fjell»[1]). Det arabiske namnet på sundet er derimot Bab el-Zakat eller «Velgjerdsporten». I marinen vert det stundom kalla STROG (Strait Of Gibraltar)[2] og i antikken var det kjend som «Herkulessøylene».[3]


På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika. Djupna i sundet varierer mellom 300 og 900 meter.[4] Ferjene kryssar sundet i dag på så lite som 35 minutt. Den spanske sida av sundet er verna som ein del av El Estrecho naturpark.




Innhaldsliste






  • 1 Plassering


  • 2 Geologi


  • 3 Samband


    • 3.1 Tunnel over sundet




  • 4 Inn- og utstrauming


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelder





Plassering |




Europa (til venstre i horisonten) og Afrika (til høgre) frå Gibraltar


På nordsida av sundet ligg Spania og Gibraltar (ein britisk eksklave på Den iberiske halvøya), og på sørsida Marokko og Ceuta (ein spansk eksklave i Nord-Afrika). Grensene vart i antikken kalla Herkulessøylene. Det ligg fleire småøyar i sundet, som den omstridde Isla Perejil som både Marokko og Spania gjer krav på.[5]


På grunn av plasseringa vert sundet mykje nytta til smugling og ulovleg innvandring mellom Afrika og Europa. Hasj frå Marokko er den vanlegaste smuglarvara, men menneskesmugling og tyngre narkotika som heroin er blitt stadig vanlegare. Det blir også smugla varer motsett veg, som matvarer, kosmetikk, dekk og bensin.[6]



Geologi |


For rundt 5,9 millionar år sidan[7] vart opninga mellom Middelhavet og Atlanterhavet lukka. Dette førte til at saliniteten i Middelhavet periodevis fall ved at saltet la seg ned i havbotnen i det som er vorte kalla den messiniske saliniteskrisa. Dei store salt- og mineralførekomstane rundt Middelhavet kjem frå denne perioden. Geologisk sett tok ikkje denne prosessen lang tid, berre om lag 5-600 000 år. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet[7]. For om lag 5,33 millionar år sidan, i overgangen mellom miocen og pliocen, vart det på ny danna ei opning mellom Middelhavet og Atlanterhavet, og opninga har eksistert sidan den gong.[8] Sidan den afrikanske plata pressar på nordover, meiner ein at sundet igjen vil lukke seg i geologisk sett nær framtid, som vil seie nokre hundre tusen år fram i tid.



Samband |



Hércules3D.jpg


Sundet er ei viktig trafikkåre for skipsfart mellom Middelhavet og Atlanterhavet. Ferjer kryssar sundet mellom Spania og Marokko, mellom Spania og Ceuta og mellom Gibraltar og Tangier.



Tunnel over sundet |


I desember 2003 vart Spania og Marokko einige om å utforske høve til å byggje ein undersjøisk jernbanetunnel under sundet.[9] Ideen hadde allereie vore lufta i fleire tiår, og ein har teke ei rekkje geologiske prøvar.[10] I 2012 hadde den marokkanske transportministeren eit møte om planane med den spanske ambassadøren, utan at det blei lagt fram konkrete planar.[11]



Inn- og utstrauming |





Indre bølgjer (markert med piler) skapt av Gibraltarsundet


I netto strøymer det meir vatn inn i Gibraltarsundet enn ut av det på grunn av at fordampinga i Middelhavet er større enn den tilførte vassmengda som kjem via elvane. Terskelen i Gibraltarsundet medverkar til å hindre blanding av det kalde, mindre salte atlanterhavsvatnet og det varme, salte middelhavsvatnet. Sistnemnde er så mykje saltare, og derfor tyngre, at det søkk under atlanterhavsvatnet og dannar eit særs salt (termohalin, både varmt og salt) botnvatn. Eit grenselag i tettleiken mellom dei to laga ligg på ei djupne på kring 100 meter. Dette laget renn utover og nedover kontinentalsokkelen og vert gradvis mindre salt før det når eit likevektspunkt i ei djupne på om lag 1000 meter. Utstrøyminga frå Middelhavet kan sporast fleire tusen kilometer ut i Atlanterhavet før det salte vatnet er så blanda med resten av atlanterhavsvatnet at det ikkje kan kjennast att lenger.


Det er vanleg at det oppstår indre bølgjer (bølgjer i grenselaget) i sundet. Vasstraumen vert hindra i begge retningar fordi det må over ein terskel i sundet med grunnare vatn. Når store tidvasstraumar går inn i sundet, vert det skapt indre bølgjer over terskelen. Bølgjene kan stundom få eit vertikalt utslag på 100 meter når dei flyttar seg austover. Sjølv om bølgjene oppstår på stor djupne og ikkje gjev seg utslag i bølgjer på overflata, er dei likevel synlege når sola glinsar i havoverflata, fordi den biologiske filmen på havoverflata vert konsentrert slik at bølgjene vert synlege. Bølgjene forplantar seg austover og kan sporast så langt som 100 km bort frå sundet.[12]



Sjå òg |



  • Gibraltar

  • Herkulessøylene

  • Marokko

  • Spania

  • Tangier

  • Poniente



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Strait of Gibraltar




  • Klimakontroll krev ei demning ved Gibraltarsundet — American Geophysical Union, 1997. Vitja 27. september 2009


  • Prosjekt for fast samband mellom Europa og Afrika via Gibraltarsundet — United Nations Economic and Social Council, 2001. Vitja 27. september 2009


  • Kart over Marokko — Multimap.com, 2006.


  • «Solitonar i Gibraltarsundet». NASA Earth Observatory. Henta 2006-05-24. 


  • «Indre bølgjer i Gibraltarsundet». NASA Earth Observatory. Henta 27. september 2009. 



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Strait of Gibraltar» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2009.




  1. http://www.gibraltar.gov.gi/gov_depts/port/port_index.htm


  2. Sjå til dømes Nato Medals: Medal for Active Endeavor, awarded for activity in the international water of the Mediterranean og STROG.


  3. Strabius Geographia 3.5.5.


  4. See Robinson, Allan Richard og Paola Malanotte-Rizzoli, Ocean Processes in Climate Dynamics: Global and Mediterranean Examples. Springer, 1994, s. 307, ISBN 0-7923-2624-5.


  5. Tremlett, Giles, "Moroccans seize Parsley Island and leave a bitter taste in Spanish mouths," i The Guardian, 13. juli 2002.


  6. Jørgen Carling, The Merits and Limitations of Spain's High-Tech Border Control (June 2007), migrationinformation.org; Phil Davison, «Fears grow over Gibraltar's drug-runners» (14 DECEMBER 1994), The Independent, independent.co.uk; Pierre-Arnaud Chouvy, MOROCCO’S SMUGGLING RACKETS: HASHISH, PEOPLE AND CONTRABAND, Jane’s Intelligence Review, December 2005, Vol. 17 n° 12, pp. 40-43.


  7. 7,07,1 Den messiniske saliniteskrisa


  8. Cloud, P., Oasis in space. Earth history from the beginning, New York: W.W. Norton & Co. Inc., s. 440. ISBN 0-393-01952-7


  9. Europe-Africa rail tunnel agreed, BBC.co.uk


  10. http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2007/01/27/AR2007012701334.html
    A 'Chunnel' for Spain and Morocco], washingtonpost.com



  11. M. Aziz Rabbah reçoit l’Ambassadeur du Royaume (17/02/2012); Tunnel to Connect Morocco with Europe, bluedoorhotel.com.


  12. Wesson, J.C. og M.C. Gregg, "Mixing at Camarinal Sill in the Strait of Gibraltar," i Journal of Geophysical Research, Vol. 99, No. C5, 1994, s.9847–9878.




Koordinatar: 35°58′18″N 5°29′09″W





Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029