Vandrealbatross































Vandrealbatross

Status i verda: VU Sårbar


Vandrealbatross Foto: Mark Jobling
Vandrealbatross
Foto: Mark Jobling


Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Procellariiformes

Familie:

Diomedeidae
Slekt:
Diomedea

Art:

D. exulans

Vitskapleg namn
Diomedea exulans

Linné, 1758


Vandrealbatross (Diomedea exulans) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet. Det var den første arten av albatrossane som vart skildra, og han vart lenge rekna som same art som gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, tidlegare kalla tristanalbatross. Han er den største medlemmen av slekta Diomedea (storalbatrossar), og er ein av dei mest kjente og studerte fugleartar i verda.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Reproduksjon


  • 3 Utbreiing


  • 4 Taksonomi


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar




  • 6 Bakgrunnsstoff





Skildring |



Diomedea exulans in flight - SE Tasmania.jpg




Vandrealbatross i flukt aust for Tasmania
Foto: JJ Harrison





Egg frå vandrealbatross


Vandrealbatrossen har størst vengespenn av alle nolevande fuglar med gjennomsnittleg vengespenn på 3,1 meter målt i store koloniar.[1][2] Det største kjente eksemplaret skal ha hatt vengespenn på opp til 3,6 m,[3] upålitande rapportar om så mykje som 5,3 m er kjent.[4] Med hjelp av dei store vengene er fuglen i stand til å gli gjennom lufta i fleire timar utan å slå vengene, han glir 22 meter for kvar meter han mistar høgd. Kroppslengda varierer mellom 107–135 centimeter, og dei veg i området 6,7-11,9 kilogram, hannar er større enn hoer og veg mest.[5] Umodne fuglar er registrert med kroppsvekt på så mykje som 16,1 kg på dei første flygingane sine.[4]Fjørdrakta varierer med alderen, men vaksne har kvite kroppar med svarte og kvite venger. Hannar har mest kvitt på vengene, berre tupp og bakkant på vengene er svarte. Dei viser også ein svak ferskenfarga flekk på sida av hovudet. Vandrealbatrossen er den lysaste av albatrossartane, andre artar har mykje meir brunt og svart på venger og kropp i hekkedrakt, som umodne vandrealbatrossar. Nebb og føter har rosa farga. Ovanfor nasepassasjen på vandrealbatrossar ligg ein kjertel som sondrar ut salt. Det hjelper til å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av det høge mengda havvatn dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing.[6]


Fuglen beitar om natta[7] og tar blekksprut, småfisk, krepsdyr og avfall som flyt på overflata, dei kan ete slike mengder at dei får vanskar med å lette opp frå sjøen og må kvile hjelpelaust på vatnet. Dei kan òg gjere grunne dukk.


I mesteparten av livstida si er vandrealbatrossar på vengene, dei landar berre for å ete og å hekke. Ein ringmerkt fugl vart registrert i å gjere ei reise på 6000 kilometer på tolv dagar, elles finst det få målingar på rekkjevidda.


Verdspopulasjonen var estimert til 20 000 kjønnsmodne individ i 2010.[8] Levetida kan bli over 50 år.[9]



Reproduksjon |


Vandrealbatrossar hekkar anna kvart år.[7] I hekketida okkuperer dei lause koloniar på isolerte øygrupper i Sørishavet. Dei legg eitt egg som er kvitt, med nokre få flekker, egget er ca. 10 cm langt. Egglegginga skjer mellom 10 desember og 5. januar. Reiret er ein stor haug bygd av graskledd vegetasjon og jord eller torv,[1] det kan vere ein meter i diameter i botnen og ein halv meter øvst. Rugetida varer i ca. 11 veker og begge foreldra er involvert i ruging.[7] Dette er ein monogam art, vanlegvis for livet. Ungfuglane held seg i til kolonien innan 6 år, men dei vil ikkje starte reproduksjon før dei er mellom 11 til 15 år.[2] Om lag 30 % av fugleungane overlever.[1]



Utbreiing |


Vandrealbatrossar kan treffast på den sørlege halvkula frå 28 ° til 60 ° sør.[8] Hekkeområdet er på Crozet Islands, Sør-Georgia, Prince Edward Island og Macquarie Island, og kan observerast i å beite utanfor kysten av Kaikoura-halvøya på austkysten av Sørøya på New Zealand året rundt.[10]



Taksonomi |


Vandrealbatrossen vart først skildra som Diomedea exulans av Carl von Linné, i 1758, basert på ei prøve frå Kapp det gode håp.[1]


Vandrealbatrossen har fem underartar etter eBird/Clements Checklist v2017,[11] her lista med hekkeområde:




  • Diomedea exulans exulans, Sør-Georgia


  • Diomedea exulans dabbenena, Goughøya ved øygruppa Tristan da Cunha. Anerkjent som art "Tristan Albatross" av IOC World Bird List, og har norsk namn tristanalbatross.[12]


  • Diomedea exulans antipodensis, Antipodesøyane, anerkjent som arten "Antipodean Albatross" av IOC


  • Diomedea exulans gibsoni Crozetøyane og Marionøya på Prince Edward Island


  • Diomedea exulans amsterdamensis, Île Amsterdam, anerkjent som arten "Amsterdam Albatross" av IOC


Diomedea refererer til helten Diomedes, følgjesveinane blei gjort til fuglar, og exulans tyder ein i eksil eller ein vandrar som viser til dei einsame, langdistanseflygingane dei gjer.[13]



Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «Wandering Albatross» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012, bl.a. var følgjande referansar gjevne:



  • BirdLife International (2008(a)). «Wandering Albatross - BirdLife Species Factsheet». Data Zone. Henta 17 Feb 2009. 


  • Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathon (2006). «Accidentals, Extinct Species». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth utg.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 467. ISBN 978 0 7922 5314 3. 


  • Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First utg.). New York, NY: Simon & Schuster. s. 29–31. ISBN 0 671 65989 8. 


  • Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 191. ISBN 0 8160 3377 3. 


  • Harrison, Colin; Greensmith, Alan (1993). «Non-Passerines». I Bunting, Edward. Birds of the World (First utg.). New York, NY: Dorling Kindersley. s. 48. ISBN 1 56458 295 7. 

  • Rattenborg, Niels, C. (11 May 2006). "Do Birds Sleep in Flight?". Naturwissenschatten, Vol. 93 Number 9.


  • Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 113–116, 118–119. ISBN 0 7876 5784 0. 


  • Shirihai, Hadoram (2002) [2002]. «Great Albatrosses». Antarctic Wildlife The birds and mammals. Finland: Alula Press. s. 90. ISBN 951-98947-0-5. 




Referansar |





  1. 1,01,11,21,3 Robertson, C. J. R. (2003)


  2. 2,02,1 Dunn, Jon, L. & Alderfer, Jonathan (2006)


  3. Peter C. Harper, Kinsky F. C. (1978). Southern Albatrosses and Petrels: An Identification Guide. Victoria University Press. ISBN 9780705506670.


  4. 4,04,1 Wood, Gerald (1983). The Guinness Book of Animal Facts and Feats. ISBN 978-0-85112-235-9. 


  5. Carboneras, C., Jutglar, F., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2017). Wandering Albatross (Diomedea exulans). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. desember 2017


  6. Ehrlich, Paul R. (1988)


  7. 7,07,17,2 Harrison, C. & Greensmith, A. (1993)


  8. 8,08,1 BirdLife International 2017 Diomedea exulans.IUCN Red List of Threatened Species. Version 2017.3. <www.iucnredlist.org>. Henta 26. desember 2017.


  9. About Science X Is foraging efficiency a key parameter in aging? (2010)


  10. Shihirai 2002 p.90


  11. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  12. Norske namn på palearktiske artar som ikkje er godtatte artar i eBird/Clements Checklist. Vedlegg til artikkelen Nye norske fuglenavn, Norsk navnekomité for fugl (NNKF), 21. desember 2017


  13. Gotch, A. F. (1995)




Bakgrunnsstoff |



  • Videoar, bilete og lydopptak av vandrealbatrossar hos Internet Bird Collection



Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029