Jiangxi






Jiangxi si plassering i Kina


Jiangxi (江西, Jiāngxī) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen femner eit relativt flatt område frå elvebreiddene til Chang Jiang i nord til høgde- og fjellandet lenger sør. Jiangxi grensar til Anhui i nord, Zhejiang i nordaust, Fujian i aust, Guangdong i sør, Hunan i vest og Hubei i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 166 900 km². Folketalet vart i 2013 berekna til 45 millionar.[1]





Lufjella i Jiangxi




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Innbyggjarar


  • 3 Økonomi


  • 4 Administrasjonseiningar


  • 5 Historie


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |


Fjell omkransar Jiangxi på tre kantar. I vest ligg fjellkjeder som Mufu Shan, Jiuling og Luoxiao, i aust er Huaiyu og Wuyi Shan, medan Jiulian og Dayu reiser seg i sør. Den sørlege halvdelen av provinsen består av høgdedrag og dalar om einannan. Derimot er den nordlege halva flatare og lægre. Huanggang i Wuyi Shan, på grensa mot Fujian, er den høgste fjelltoppen i Jiangxi. Han når ei høgde på 2 157 moh.


Elva Gan dominerer provinsen, og renn frå sør til nord gjennom heile provinsen. Ho renn ned i innsjøen Poyang i nord, den største ferskvassjøen i Kina. Innsjøen tømmer seg sidan ned i Chang Jiang, som utgjer ein del av nordgrensa til Jiangxi. Nordvest i provinsen ligg det viktige vassreservoaret Xiushui Tuolin i elva Xiushui. Også Waananreservoaret, i dei øvre delane av Gan, er viktig for vassforsyninga.


Klimaet i Jiangxi er subtropisk. Middeltemperaturane er om lag 3 til 9 °C i januar og 27 til 31 °C i juli. Årleg nedbørsmengd varierer mellom 1200 og 1 900 mm.



Innbyggjarar |




To kvinner i Jingdezhen.


99,73 % av innbyggjarane i Jiangxi er han-kinesarar. Eit fleirtal av desse er gan- og hakkatalarar. Ganzhou, største byen i Jiangxi, har eit særleg stort tal hakka. Av etniske minoritetar har ein huifolk og zhuangfolk.


Jiangxi har, saman med Henan, eit svært stort overskot av gutar og menn i høve til jenter og kvinner. Familiane har svara på eittbarnspolitikken med å late mange jentefoster verte abortert ved fødselen. Ein britisk studie frå 2009, publisert i British Medical Journal, hevdar det finst over 140 gutar for kvar 100 jenter i alderen 1-4 år.[2]



Økonomi |


Jiangxi er ein heller lite utvikla provins, særleg målt mot naboprovinsar som Guangdong, Zhejiang, Fujian. Landbruket sysselset omtrent halvparten av alle yrkesaktive i Jiangxi og genererer om lag ein fjerdedel av bruttonasjonalprodukt. Om lag halvparten av tilgjengeleg areal er tilplanta med ris, og risavlinga i provinsen er mellom dei høgste i Kina. Halvparten av avlinga vert dyrka på den fruktbare sletta rundt Poyangsjøen. Andre viktige landbruksprodukt er bomull, raps, sukkerrøyr, jordnøtter, sesam, tobakk, jute, sitrusfrukter og te. Jiangxi er ein av Kinas viktigaste teprodusentar. Grisen er dominerer i husdyrhaldet, framom storfe. Storfe og sau vert avla i store besetningar, gris, kaninar og fjørfe i mange små einingar. Skogbruket er viktig i det ganske skog-rike sør, provinsen er ein stor produsent av tømmer og bambus. Fiskeoppdrett er viktig i nord. Frå Poyangsjøen og elvane fangar ein karpe og småsild og sankar perler og lotusfrø.




Måleri av ein gammal porselensbutikk i Jingdezhen.




Stein av fluoritt og kvarts frå De'an-gruva i Jiujiang.


Jiangxi er rikt på mineralressursar, provinsen har størst reservar i Kina av mange ulike mineral. Om lag halvparten av Kinas produksjon av wolfram vert utvunne ved Ganzhou i sør, medan Dexing i nordaust er Kinas største produsent av kopar. Provinsen er og størst på mineral som gull, sølv, uran, thorium, tantal, niob, mangan, bly, sink, molybden og vismut.




Porselensplatte frå Jingdezhen, laga i Qianlong-perioden (1736-95)


Industrien er basert på utnyttinga av råvarene, og utgjer vel 35 % av brutto nasjonalprodukt. Einast 14,4 % av arbeidsstokken i Jiangxi var i 2000 tilsett i industrien. Provinsen er størst i Kina på tungindustri basert på foredling av ikkje-jarnhaldig metall. Jingdezhen er særleg kjent for sitt porselen framstilt av kaolin som ein finn i fjella like ved. Dei største økonomiske sentra er hovudstaden Nanchang med sine stål- og jarnverk og sin maskinproduksjon og Jiujiang med petrokjemisk verksemd og tekstilindustri.


Tenestesektoren bidreg med over 40% av BNP og sysselset 34% av arbeidsstokken. Transport og kommunikasjon, handel og gjeste- og serveringsbransjen er dei klart viktigaste. Internasjonal turisme spelar liten rolle, fremste turistattraksjonen er Lushan nasjonalpark som er kjent for sitt praktfulle landskap.


Dei nordlege delane av provinsen er meir utvikla enn områda i sør. Kommunikasjonane er basert på jarnbane, men også skipstrafikk på Poyang og elvane er viktig. Den nye jarnbanen Beijing–Kowloon går gjennom Jiangxi, og har betra kommunikasjonen med omverda. Jiujiang ved Chang Jiang er viktigaste hamna.



Administrasjonseiningar |


Jiangxi er delt opp i elleve administrative einingar, alle byprefektur.


























































































Kart
#
Namn

Hanzi

Pinyin
Administrasjonssete

Kart over Jiangxi

— Byprefektur —
1

Nanchang
南昌市
Nánchāng Shì

Donghu distrikt
2

Fuzhou i Jiangxi
抚州市
Fǔzhōu Shì

Linchuan distrikt
3

Ganzhou
赣州市
Gànzhōu Shì

Zhanggong distrikt
4

Ji'an
吉安市
Jí'ān Shì

Jizhou distrikt
5

Jingdezhen
景德镇市
Jǐngdézhèn Shì

Zhushan distrikt
6

Jiujiang
九江市
Jiǔjiāng Shì

Xunyang distrikt
7

Pingxiang
萍乡市
Píngxiāng Shì

Anyuan distrikt
8

Shangrao
上饶市
Shàngráo Shì

Xinzhou distrikt
9

Xinyu
新余市
Xīnyú Shì

Yushui distrikt
10

Yichun i Jiangxi
宜春市
Yíchūn Shì

Yuanzhou distrikt
11

Yingtan
鹰潭市
Yīngtán Shì

Yuehu distrikt

Dei elleve einingane på prefekturnivå er delt i 99 på fylkesnivå (19 distrikt, ti byfylke, og 70 fylke). Desse er i sin tur delt i 1 548 på kommunenivå (770 bykommunar, 651 landkommunar, sju etniske landkommunar, og 120 subdistrikt).



Historie |




Kvithjortgrotte-akademiet (白鹿洞書院, Báilùdòng Shūyuàn) i Lufjella var ein av fire klassiske lærestader i Kina.


Elvedalen langs Gan er det sentrale området i Jiangxi, og har historisk vore den viktigaste transportruta retning nord-sør i det sørlege Kina. Korridoren langs Gan er ei av få lettreiste ruter gjennom det elles fjellrike og ulendte terrenget i søraust. Denne korridoren var den primære ruta for handel og kommunikasjon mellom slettene i Nord-Kina og Chiang Jiang-dalen i nord, med landområda i det som i dag er Guangdong-provinsen i sør.


Under vår- og haustannaltida låg vestgrensa til staten Wu i det som i dag er den nordlege delen av Jiangxi. Seinare rådde rike som Yue og Chu over dei same områda og truleg vidare, utan å ha full kontroll over alt landet. Han-dynastiet etablerte sterkare kontroll, og med eit militært maktapparat rådde det over det meste av dagens Jiangxi.


I 291 e.Kr., under det vestlege Jin-dynastiet, vart området til provinsen Jiangzhou. Under nord- og sør-dynasti-tida var Jiangzhou under kontroll av dei sørlege dynastia.


Tang-dynastiet kollapsa i 907. Under den påfølgjande Fem dynasti og ti kongerike-tida høyrde Jiangxi først under Wu, deretter til Sør-Tang. Begge statane hadde sin maktbase i det som i dag er Nanjing, lengre nedstraums i Chang Jiang.


Under Yuan-dynastiet vart Jiangxi-provinsen etablert for første gong. Den provinsen omfatta også det meste av dagens Guangdong. Under Ming-dynastiet vart Guangdong skilt ut, sidan har grensene til Jiangxi vore lite endra.




Nasjonalisthæren til Kuomintang i Gannan på 1940-talet.


Etter at Qing-dynastiet fall i 1911, bygde kommunistane opp ein av sine tidlege basar i Jiangxi. Mange bønder vart rekruttert til den veksande revolusjonen. Nanchangopprøret fann stad i Jiangxi 1. august 1927, under den kinesiske borgarkrigen. Den kommunistiske leiinga trekte seg tilbake og gøymde seg i fjella sør og vest i Jiangxi. Frå 1927 gjorde Kuomintang fleire framstøytar for å knuse kommunistane. I 1920 vart den kinesiske sovjetrepublikken etablert med regjering i Ruijin. Fullstendig omringa av nasjonaliststyrkar, braut kommunistane gjennom i 1935 og begynte den lange marsjen til Yan'an.



Kjelder |





  1. «Communiqué of the National Bureau of Statistics of People's Republic of China on Major Figures of the 2010 Population Census [1] (No. 2)». National Bureau of Statistics of China. 29. april 2011. Arkivert frå originalen 27. juli 2013. Henta 4 August 2013. 


  2. British Medical Journal





  • Denne artikkelen bygger på «Jiangxi» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2009.

  • Denne artikkelen bygger på «Jiangxi» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2011.

  • Denne artikkelen bygger på «Jiangxi» frå Wikipedia på tysk, den 4. juni 2011.

  • Denne artikkelen bygger på «Jiangxi» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2011.




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jiangxi


























Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029