Hubei






Hubei si plassering i Kina


Hubei (kinesisk 湖北, pinyin Húběi) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen breier seg langs elva Chang Jiang, i det historiske ris-området som høyrer til det subtropisk-tempererte Sør-Kina. Namnet tyder 'nord for innsjøen' og viser til plasseringa i høve til Dongtingsjøen. Hubei grensar mot provinsane Henan i nord, Anhui i aust, Jiangxi i søraust, Hunan i sør, Chongqing i vest, og Shaanxi i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 187 500 km². Folketalet vart i 2010 berekna til 57,2 millionar. Wuhan er hovudstad i provinsen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Klima




  • 2 Innbyggjarar


  • 3 Økonomi


  • 4 Samferdsle


  • 5 Administrasjonseiningar


  • 6 Historie


  • 7 Kjelder





Geografi |


Hubei ligg på den store kinesiske sletta, som dekker dei midtre og austlege delane av provinsen. Områda i vest og langs provinsgrensene består for ein del av fjellandskap, med fjellkjeder som Wudangshan, Jing Shan, Daba Shan og det djupe Wu-juvet, rekna frå nord til sør. Fjellområdet Dabie Shan ligg nordaust for sletta, på grensa mot Henan og Anhui, medan Tongbai-fjella reiser seg langs grena mot Henan. I søraust dannar Mufu Shan grense mot Jiangxi. Høgste fjelltoppen i Hubei er 3 105 meter høge Shennong i Daba Shan, i skogsområdet Shennongjia.




Fiskarar på elva Fushui i Yangxin i Hubei


Elvane Chiang Jiang og Han Jiang renn gjenn provinsen. Fleire tusen vatn og innsjøar pregar landskapet på den kinesiske sletta (Jianghan), noko som har gitt Hubei namnet «landet med sjøane». Dei største innsjøane er Liangzi og Honghu. Mange demningar er bygt i samband med utnytting av vasskrafta, største dammen er Danjiangkou-reservoaret i Hanshui, i grenselandet mellom Hubei og Henan.



Klima |


Klimaet er subtropisk med tydeleg åtskilde årstider. Middeltemperaturen ligg mellom 15 og 17 °C. Vintrane er turre med middeltemperaturar på 3-4 °C i januar månad. Somrane er heite og fuktige, middel julitemperatur er mellom 27 og 29 °C. Årleg nedbørsmengd varierer mellom 600 og 1600 mm, opptil 50% kjem i tida juni-august. Områda kring dei store elvane vert då ofte sett under vatn.



Innbyggjarar |


Han-kinesarar er den dominerande folkegruppa i Hubei. Sørvest i provinsen finst det større grupper av miao og tujiafolk, særleg i Enshi, det autonome prefekturet for tujia og miao.




Rismarkar i Tongshan fylke



Økonomi |


Hubei vert ofte kalla «landet med fisk og ris» ( 鱼米之乡 ). Mellom dei viktigaste landbruksvarene er bomull, ris, kveite og te. Andre større næringar er bilproduksjon, metallurgi, kraftproduksjon, maskinindustri, tekstilar, matvarer og høgteknologi.


Gruveselskapa i Hubei driv etter mineralar som boraks, wollastonitt, granat, mergel, jarn, fosfor, kopar, gips, rutil, halitt, gull, amalgam, mangan og vanadium. Kolreservane i provinsen er i overkant av 500 millionar tonn, lite samanlikna med andre kinesiske provinsar. Hubei er òg kjent for sine gruver med fin turkis og grøn faustitt.


I tillegg til mange ulike naturressursar har Hubei fleire industrigreiner som er viktige for økonomien. Tradisjonelt var desse knytt til stålindustrien og annan metallindustri, samt tekstilindustrien. I den seinare tid har ein lagt auka vekt på bygging av maskinar, elektronikk og bilar, samt framstilling av kjemiske produkt. Bilindustrien i Hubei er ein av dei tre store i Kina.


Bygginga av Tre kløfter-demninga, som ligg vest i Hubei, gjev tilgang til mykje elektrisk energi som skal hjelpe til med å lokke til seg økonomiske interesser. Demninga vart også bygt for å verne nærområda til elva, som tidlegare ofte vart råka av flaum. Den årlege kraftproduksjonen ved verket er estimert til 84 700 Gwh, når dammen er fylt med vatn.



Samferdsle |


Provinshovudstaden Wuhan er eit sentralt knutepunkt for jarnbanen. Byen ligg på snøggtogstrekninga mellom Beijing og Guangzhou, og på aust-vest-sambandet frå Shanghai til Kunming og Xi'an. Ferjene på Chang Jiang trafikkerer regelmessig Nanjing og Shanghai i aust, og Chongqing i vest.



Administrasjonseiningar |


Hubei består av ein subprovinsiell by, elleve bydistrikt og eitt autonomt prefektur. I tillegg er det fire «lågare» einingar, direkte underlagt provinsregjeringa; fire byfylke og eitt skogsområde.








































































































































Kart
#
Namn

Hanzi

Pinyin
Administrasjonsete

Hubei prfc map.png

— Subprovinsiell by —
1

Wuhan
武汉市
Wǔhàn Shì

Jiang'an

— Byprefektur —
2

Ezhou
鄂州市
Èzhōu Shì

Echeng
3

Huanggang
黄冈市
Huánggāng Shì

Huangzhou
4

Huangshi
黄石市
Huángshí Shì

Huangshigang
5

Jingmen
荆门市
Jīngmén Shì

Dongbao
6

Jingzhou
荆州市
Jīngzhōu Shì

Shashi
7

Shiyan
十堰市
Shíyàn Shì

Zhangwan
8

Suizhou
随州市
Suízhōu Shì

Zengdu
9

Xiangyang
襄阳市
Xiāngyang Shì

Xiangcheng
10

Xianning
咸宁市
Xiánníng Shì

Xian'an
11

Xiaogan
孝感市
Xiàogǎn Shì

Xiaonan
12

Yichang
宜昌市
Yíchāng Shì

Xiling

— Autonomt prefektur —
13
[[Enshi Tujia og Miao autonome prefektur|Enshi (Tujia & Miao)]]
恩施土家族苗族自治州
Ēnshī Tǔjiāzú Miáozú Zìzhìzhōu

Enshi City

— Byprefektur på lågare nivå —
14

Tianmen
天门市
Tiānmén Shì

Tianmen
15

Qianjiang
潜江市
Qiánjiāng Shì

Qianjiang
16

Xiantao
仙桃市
Xiāntáo Shì

Xiantao

— Skogsdistrikt —
17

Shennongjia
神农架林区
Shénnóngjià Línqū

Shennongjia

Dei tretten einingane på prefekturnivå og dei fire direktestyrte einingane på fylkesnivå er delt opp i 102 einingar på fylkesnivå (38 distrikt, 24 byar på fylkesnivå, 37 fylke, to autonome fylke, og eitt skogsdistrikt). Desse er i sin tur delt i til saman 1 234 einingar på kommunenivå (737 bykommunar. 215 landkommunar, ni etniske landkommunar, og 273 subdistrikt).



Historie |





Dui av bronse frå Krigarrika-tida funne i Hubei.


I vår- og haustannaltida var territoriet til dagens Hubei del av den mektige staten Chu. Chu var i namnet ei sidegrein av Zhou-dynastiet. Chu fremja den kinesiske sivilisasjonen som hadde dukka opp nokre hundreår tidlegare i nord, men var òg ein eigenmektig stat som rådde over størstedelen av områda kring dei midtre og lågare delane av Chang Jiang, og inn over dei nordkinesiske slettene.


I løpet av dei stridande statars periode kom Chu i konflikt med den veksande staten Qin i nordvest. Qin og Chu utkjempa fleire krigar, der Chu mista meir og meir land. Først tapte Chu dominansen over Sichuanbekkenet, deretter i 278 f.Kr. kjerneområdet sitt, som tilsvarar dagens Hubei. I 223 f.Kr. jaga Qin restane av Chu-regimet austover og ut av området.


Qin-dynastiet vart grunnlagt i 221 f.Kr. Han-dynastiet etablerte provinsen Jingzhou i det som no er Hubei og Hunan. Nær slutten av han-dynastiet vart Jingzhou styrt av krigsherren Liu Biao. Gjennom det meste av 200-talet rådde ulike krigsherrar etter tur over området. Til sist tok staten Wu kontroll over Jingzhou.





Tranetårnet blei opphavleg bygd på 200-talet. Her i eit måleri frå Ming-tida.


Nomadiske folk angreip Nord-Kina ved byrjinga av 300-talet, og styrte det nordlege Kina dei neste tre hundreåra. Hubei, som ligg i det sørlege Kina, låg under han-kinesisk styre heile denne perioden, fram til Sui-dynastiet samla Kina i 589. I 617 erstatta Tang-dynastiet Sui. Tang-dynastiet delte Hubei inn i tre krinsar. Etter at Tang-dynastiet vart oppløyst i det 10. hundreåret, kom Hubei under kontroll av fleire regionale regime; Jingnan rådde over sentrumsområdet, Wu, seinare Sør-Tang i aust, og dei fem dynastia i nord.


Song-dynastiet samla Kina på ny i 982 og plasserte det meste av Hubei i rettsdistriktet Jinghubei. Mongolar erobra Kina fullt ut i 1279, dei danna provinsen Huguang, eit område som dekker dagens provinsar Hubei, Hunan, og delar av Guangdong og Guangxi. Ming-dynastiet dreiv ut mongolane i 1368. Provisnen Huguang vart redusert i storleik, og svara då omtrent til dagens provinsar Hubei og Hunan. Hubei kom då lenger frå maktsentra i keisarriket.


Dei siste åra av Ming vart området fleire gonger herja av opprørshærar. Det mandsjuiske Qing-dynastiet som hadde erobra Kina i 1644, splitta Huguang opp i dagens provinsar Hubei og Hunan i 1664. Qing-dynastiet heldt fram å styre gjennom ein visekonge i Huguang, ein av dei mest kjende var Zhang Zhidong. Hans reformer moderniserte Hubei, særleg Wuhan, som vart eit sentrum for handel og industri. Huangshi/Daye-området vart eit viktig senter for gruvedrift og metallurgi.


I 1911 fann Wuchangopprøret stad i dagens Wuhan. Qing-dynastiet vart styrta og republikken Kina danna. Wuhan var i 1927 sete for ei regjering grunnlagt av venstreorienterte element av Kuomintang, leia av Wang Jingwei. Denne regjeringa vart seinare lagt inn i Chiang Kai-shek si regjering i Nanjing. Under andre verdskrigen vart dei austlege delane av Hubei erobra og okkupert av Japan, medan dei vestlege delane vart verande under kinesisk kontroll.


Provinsen, særleg Wuhan, leid stor skade under storflaumen i Chang Jiang i 1954. Frå 1970 bygde ein på Gezhouba-dammen på Chang Jiang, nær Yichang. Arbeidet vart fullført i 1988. Bygginga av Tre kløfter-demninga, lengre oppstraums, byrja i 1993. Fleire millionar menneske i det vestlege Hubei vart tvangsflytta frå området som har vorte oppdemt.


Under kulturrevolusjonen i 1960-åra kom det i Wuhan til kampar mellom rivaliserande fraksjonar av raudegardistane.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hubei» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2011.



  • Denne artikkelen bygger på «Hubei» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.



  • Denne artikkelen bygger på «Hubei» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2011.























Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029