1989












< 1989 >




1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991


  • Kultur i 1989



  • Vitskap i 1989

















1989 var året Berlinmuren fall.


1989 (romartal MCMLXXXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde





Hendingar |



Utlandet |




Oljetankaren Exxon Valdez. (Kjelde: National Oceanic and Atmospheric Administration, USA)



  • 7. januar: Akihito blei keisar av Japan.

  • 23. januar: George H. W. Bush blei president i USA.

  • 24. mars: Oljeutslepp frå Exxon Valdez i Alaska.

  • 15. april: 96 personar døydde i Hillsboroughtragedien under FA-cup-semifinalen mellom Liverpool FC og Nottingham Forest.

  • 18. mai: Dei siste sovjetiske styrkane trekte seg ut av Afghanistan.

  • 4. juni: Massakren på den himmelske freds plass i Beijing.

  • 25. september: USA og Sovjetunionen lova å øydeleggja 98 % av dei kjemiske våpna sine.

  • 20. oktober: USA invaderte Panama for å styrta Manuel Noriega.

  • 4. november: Taif-avtalen blei ratifisert og borgarkrigen i Libanon tek slutt.

  • 9. november: Berlinmuren fall.

  • 20. november: Dei sameinte nasjonane fullførte konvensjonen om barnerettane.

  • 29. desember: Vaclav Havel blei vald til president i Tsjekkoslovakia.



Noreg |




I 1989 blei Det norske sametinget opna.



  • 1. januar: Norges Hovedorganisasjon, NHO, blei danna då Norsk Arbeidsgiverforening, Norges Industriforbund og Norsk Håndverkerforbund slo seg saman.

  • 15. januar: Nordvestlandet blei ramma av ein orkan som gjorde store materielle skader.

  • 9. februar: Odd Lindbergs film om norsk selfangst utløyste avskyreaksjonar i Europa.

  • 18. februar: Fangst på selungar blei forbode.

  • 28. februar: For første gong sidan den andre verdskrigen var meir enn 130.000 nordmenn utan fast arbeid.

  • 30. mars: Osebergfeltet og den første gassrøyrleidninga til Fastlands-Noreg blei opna.

  • 7. april: Ein sovjetisk atomubåt gjekk ned i Norskehavet.

  • 1. juni: Pave Johannes Paul II vitja Noreg for første gong.

  • 7. juli: Opninga av Atlanterhavsvegen.

  • 8. september:

    • Eit norsk passasjerfly styrta utanfor Hirtshals. Alle dei 55 om bord døydde.

    • Opprettinga av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark



  • 21. september: Opninga av Olavshallen i Trondheim.

  • 9. oktober: Opninga av det første Sametinget.



Fødde |




Den britiske skodespelaren Daniel Radcliffe er fødd i 1989.
Foto: Matthew Blaney



Sjå òg Fødde i 1989.


  • 2. mars: Marcel Hirscher, austerriksk alpinist

  • 26. mars: Simon Kjær, dansk fotballspelar

  • 4. juni: Eldar Qasımov, aserbajdsjansk songar og Eurovision-vinnar

  • 2. juli: Magnus Sylling Olsen, norsk fotballspelar

  • 23. juli: Daniel Radcliffe, britisk skodespelar, kjend for si rolle som Harry Potter

  • 4. september: Janne Nygård, norsk målkvinne

  • 13. desember: Taylor Swift, USA-amerikansk songar og skodespelar



Døde |


Sjå òg Døde i 1989.


  • 7. januar: Hirohito, japansk keisar

  • 10. januar: Kai Fjell, norsk målar

  • 23. januar: Salvador Dalí, spansk surrealistisk kunstnar

  • 19. april: Daphne du Maurier, britisk forfattar

  • 20. april: Alex Johnson, norsk biskop

  • 30. april: Sergio Leone, italiensk regissør.

  • 3. juni: Ayatollah Ruhollah Khomeini, iransk religiøs leiar og statsoverhovud

  • 16. juli: Herbert von Karajan, austerriksk dirigent

  • 25. august: Hans Børli, norsk diktar

  • 4. september: Georges Simenon, belgisk forfattar

  • 22. september: Irving Berlin, amerikansk komponist

  • 28. september: Ferdinand Marcos, filippinsk president.

  • 6. oktober: Bette Davis, amerikansk skodespelar

  • 30. oktober: Ingeborg Refling Hagen, norsk forfattar

  • 14. desember: Andrej Sakharov, russisk vitskapsmann, menneskerettaktivist og nobelprisvinnar (avslo)

  • 22. desember: Samuel Beckett, irsk-fransk forfattar og nobelprisvinnar

  • 25. desember: Nicolae Ceausescu, rumensk president og diktator (skoten)



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt