Kvekarane




Kvekarane, eller Venesamfunnet, eller Kvekernes religiøse samfunn[1] er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud (det indre lys); det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet quake, 'skjelve', og var opphavleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv.


Vennenes Samfunn Kvekerne var eit tidlegare norsk navn på kvekarane.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Grunnleggaren


  • 2 Kvekarane sin kristendom


  • 3 Organisasjon i kvekarkyrkja


  • 4 Kjelder





Grunnleggaren |




George Fox er rekna som ein grunnleggjar av Venesamfunnet.




Kvekaren William Penn grunnla Pennsylvania.


George Fox, som vart fødd i England i 1624, er rekna som grunnleggaren av kvekarrørsla. Han levde i ei tid prega av etterdønningane av reformasjonen, då mange kristne tenkarar søkte å finne att til ei kristentru prega av den opphavlege kristendommen frå aposteltida. Sjølv var Fox ikkje skolert, men han kunne Bibelen, og han kjente at han var leia av Den heilage anden til å bli ein religiøs reformator. Han meinte alle menneske hadde noko av Gud i seg, eit indre lys som kunne leie menneska gjennom livet.


Fox var strengt puritansk og tok avstand frå alt verdsleg. Han ville ikkje bruke dei heidenske namna på vekedagar og månader. Fox var òg skarpt kritisk til den organiserte kyrkja. Han kritiserte prestane for å teoretisere kristendommen. Han ville ikkje ta av seg hatten for dei, han ville ikkje synge salmar med ord han ikkje sjølv hadde røynd sanninga i. Han kunne motseie presten i kyrkja. Forkynninga hans vart oppfatta som spotting av Gud, og han vart arrestert ei rekkje gonger.


I 1667 slutta William Penn seg til kvekarane, og i Amerika grunnla han ein koloni med religiøs fridom, i det seinare Pennsylvania. Hit reiste mange av tilhengjarane som vart forfølgde i Europa.


Kvekarane sitt puritanske levesett, kombinert med ideen om at noko av Gud er nedlagd i kvart menneske, førde med seg eit sterkt sosialt engasjement. Mellom anna gjorde kvekarane mykje godt for dei som sat fengsla. Under napoleonskrigane vart mange norske sjømenn sett i prison i England. Her kom dei i kontakt med kvekarar som arbeidde blant fangane, og slik kom kvekarlæra til Noreg. Her vart dei første venesamfunna organisert i 1818.



Kvekarane sin kristendom |


Mange kvekarar trur på Gud som skapar og på hans kjærleik. Dei trur at Gud kom til jorda som Jesus Kristus, for at han skulle leie menneska tilbake til Gud. Og dei trur på Den heilage anden som leier og opplyser menneskesjela. Andens tempel er i menneska.


Kverkarane har ikkje prestar. På møtet, eller kvekarandakten, kan kven som helst reise seg å tale, om han kjenner at Anden leier han til det. Målet er at ei gruppe menneske gjennom andakten i fellesskap skal byggje opp ein heilskap, der kvar bidrar med sitt. Om ingen kjenner kall frå Anden til å tale, kan det vere heilt stilt på møtet. Om det er heilt stilt, vil dei som er på møtet ha betre høve til å kjenne etter Anden i sitt eige indre.


Kvekarane har heller inga andre faste ritual eller sakrament, dei har ikkje dåp eller nattverd. Livet skal vere heilt, ikkje delt i ein religiøs og ein verdsleg sfære.
Læra om det guddommelege i kvart menneske gjer det utelukka for ein kvekar å delta i krigsteneste, og denne læra er ein spore til eit sterkt sosialt engasjement.



Organisasjon i kvekarkyrkja |


Venesamfunnet er laust organisert. Om lag 150 menneske er registrert som medlemmer i Noreg, om lag 100 i Sverige. I verda elles er talet anslått til om lag 300 000 som i 1994 fordelte seg slik etter tysk Wikipedia som oppgir kjelda: "Religion ohne Dogma", Religiöse Gesellschaft der Freunde, 1995 [ISBN 3-929696-13-4]):































































Land
Medlemmer

Kenya
105.000

USA
103.000

Bolivia
25.000

Storbritannia
18.000

Guatemala
16.500

Burundi
7.500

Peru
5.000

Tanzania
4.500

Taiwan
3.200

Irland
1.600

Australia
1.100

Kanada
1.100

India
900

Tyskland og Austerrike
270

Utanom andaktsmøta kan kvekarane samlast i forretningsmøte. Lokalt kan dei samlast ein gong i månaden, i eit større område til eit årsmøte. Månadsmøtet er grunneininga som tek opp nye medlemmer og som peiker ut leiarar, helst kalla skrivarar. Er det usemje om ei sak, meiner kvekarane at mindretalet kan ha like rett som fleirtalet. Derfor vil dei gjennomdiskutere alle saker til vedtak kan skje samrøystes, ved konsensus.


Internasjonalt kan fleire årsmøte kan gå saman i femårsmøte som dannar ei overbygging. Sidan organisasjonen på denne måten er bygd opp nedanifrå, er kvekarsamfunnet internasjonalt kløyvd i meir ortodokse og meir liberale retningar.


Årsmøtet har formulert 40 råd og spørsmål som ikkje er pålagt som nokon fast regel, men som ein hjelp til å bli i Guds lys. Desse er endra fleire gonger sidan dei først vart utforma på 1600-talet, og seier mykje om kvekarlæra.[2]


I 1947 mottok Vennesamfunnet Nobels fredspris for arbeidet dei hadde gjort gjennom sine internasjonale hjelpeorganisasjonar; American Friends Service Committee og British Friends Service Council (i dag Quaker Peace and Social Witness.


I dag er det ikkje spesielle måtar å kle seg på eller spesielle måtar å bruke språket på som kjenneteiknar kvekarane. Dei er enno puritanske i den forstand at dei gjerne arbeider for fråhald, for miljøvern og for jamn fordeling av samfunnsgoda.



Kjelder |




  1. 1,01,1 Turi-Therese Seljen Schoder. Kvekere nektes innreise i Israel. 2018-02-22. Klassekampen. S. 25


  2. http://www.kveker.org/Raad_og_spm.htm



  • Norsk offisiell heimeside

  • J.W. Harvey Teobald: Kvekerlære (u.å.; utg. av Vennernes samfund, Stavanger)

  • Rufus M. Jones 1947: Kvekernes tro og virke

  • Hans Eirik Aarek 1968: Finnes det en kvekermåte å leve på?





Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029