St. Lawrence-elva






Saint Lawrence-elva og dei store sjøane


Saint Lawrence-elva (engelsk Saint Lawrence River, fransk fleuve Saint-Laurent) er ei stor elv i Nord-Amerika som renn austover frå Dei store sjøane ut i Atlanterhavet. Mohawkane kalla elva for Kaniatarowanenneh (stor vassveg). Grensa mellom Canada og USA går langs ein del av den øvre delen av elveløpet, med staten Ontario på kanadisk side og New York på USA-amerikansk side.


Saint Lawrence-elva renn ut frå Ontariosjøen, 75 meter over havet, ved Kingston i Ontario. På vegen mot Atlanterhavet passerer elva byane Brockville, Cornwall, Montreal, Trois-Rivières og Québec før ho renn ut i Saint Lawrence-bukta. Elva er 3 058 km lang og dannar saman med Dei store sjøane-systemet, som ho drenerer, verdas største ferskvssystem. Ho har eitt vassflø på over 10 000 m³/s.


Den fyrste européaren som sigla på Saint Lawrence-elva var franskmannen Jacques Cartier, som såg ho fyrste gongen den 9. juni 1534. Han gjorde kravde på området, Ny-Frankrike, i namnet åt kong Frans I av Frankrike.


Opphavleg var elva seglbar einast fram til Montreal, grunna fossen ved Lachine. Fyrst då Lachinekanalen vart bygt kunne fartøy sigla vidare oppover elva. I dag vert gods frakta til og frå Atlanterhavet på det moderne kanalsystemet Saint Lawrence Seaway.



Bakgrunnsstoff |


  • St. Lawrence Parks Commission (Ontario)


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «St. Lawrencefloden» frå Wikipedia på svensk, den 26. august 2010.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum