Algonkinske språk
Algonkinske språk er ei gruppe amerikanske urfolkspråk i Nord-Amerika som omfattar dei fleste språka i den algiske språkfamilien (berre to algiske språk er ikkje algonkinske, nemleg wiyot og yurok i det nordvestlege California). Algonkinske språk blir tala av algonkinske folk, frå atlanterhavskysten i aust til Rocky Mountains i vest. Dei algonkinske språka stammar frå det hypotetiske urspråket proto-algonkinsk, som må ha blitt tala for fleire tusen år sidan, truleg minst 3000 år.
Innhaldsliste
1 Dei einskilde algonkiske språka
2 Undergrupper av algonkinske språk
3 Grammatiske særdrag ved algonkinske språk
3.1 To genus
3.2 Obviativ
4 Bakgrunnsstoff
5 Fotnotar
Dei einskilde algonkiske språka |
På grunnlag av Campbell (1997: 152-154)[1] og Mithun (1999: 327-340)[2] kan dei algonkinske språka klassifiserast slik (symbolet † viser at språket er utdøytt):
- 1. Blackfoot
- 2. Cheyenne
- 3. Arapaho-språkgruppa (også kjent som arapaho-atsina)
- 3a. Arapaho
- 3b. Atsina
- 3c. Besawunena
- 3d. Nawathinehena
- 3a. Arapaho
- 4. Menomini (også kjent som menominee)
- 5. Cree-montagnais-naskapi (også kjent som cree-montagnais)
- 6. Ojibwe-potawatomi (også kjent som ojibwa, ojibway, chippewa, chippeway eller anishinaabemowin)
- 6a. Ojibwe
- 6b. Potawatomi
- 6a. Ojibwe
- 7. Fox-sauk-kickapoo
- 7a. Fox (også kjent som meskwaki)
- 7b. Sauk (også kjent som sac)
- 7c. Kickapoo
- 7d. Mascouten †
- 8. Shawnee
- 9. Miami-illinois †
- 10. Aust-algonkinske språk
Undergrupper av algonkinske språk |
Dei litt over 15 aust-algonkinske språka, pkt. 10 i lista over, er den einaste genetisk baserte greina av algonkinsk som algonkinistane (dei som granskar algonkinske språk) til no har greitt å etablere. Dette tyder at dei algonkinske språka som ikkje er aust-algonkinske (språk 1–9 i tabellen over), ikkje utgjer noka genetisk eining andsynes aust-algonkinsk. Det er likevel vanleg å dele språk 1–9 (dei «ikkje-aust-algonkinske språka») inn i geografiske undergrupper:
- A. Prærie-algonkinske språk
- 1. Blackfoot (også kalla Siksiká og Pikanii)
- 2. Cheyenne
- 3. Arapaho-språkgruppa (også kjent som arapaho-atsina)
- 3a. Arapaho
- 3b. Atsina
- 3c. Besawunena
- 3d. Nawathinehena
- 3a. Arapaho
- B. Sentral-algonkiske språk
- 4. Cree-montagnais(-naskapi) (også kjent som cree-montagnais eller cree-montagnais-naskapi)
- 5. Menomini (også kjent som menominee)
- 6. Ojibwe og potawatomi (også kjent som ojibwa, ojibway, chippewa, chippeway eller anishinaabemowin)
- 7. Fox-språkgruppa (også kjent som fox-sauk-kickapoo eller mesquakie-sauk-kickapoo)
- 7a. Fox
- 7b. Sauk
- 7c. Kickapoo
- 7a. Fox
- 7d. Mascouten †
- 8. Shawnee
- 9. Miami-illinois †
- C. Austleg algonkinsk (også kalla Austleg Store Sjøar-algonkinsk, engelsk Eastern Great Lakes Algonquian)
- 10. Miꞌkmaq
Abenaki
- 11. Western Abenaki (nesten utdøydd)
- 12. Eastern Abenaki (†)
- 11. Western Abenaki (nesten utdøydd)
- 14. Malecite–Passamaquoddy
- 15. Massachusett
- 16. Narragansett (†)
- 17. Mohegan–Pequot (†)
- 18. Quiripi-Naugatuck-Unquachog (†)
- 19. Mahican (†)
Delawarean
- 20. Munsee (nesten utdøydd)
- 21. Unami (†)
- 20. Munsee (nesten utdøydd)
- 22. Nanticoke–Piscataway (†)
- 23. Carolina Algonquian (†)
- 24. Powhatan (†)
- 25. Etchemin (†) (uncertain - See Eastern Algonquian languages)
- 26. Shinnecock (†) (uncertain)
- 10. Miꞌkmaq
Grammatiske særdrag ved algonkinske språk |
To genus |
Substantivet i algonkinske språk har to genus, animatum og inanimatum. Til animatum høyrer typisk substantiv som viser til ånder, menneske, dyr, tre og nokre planter og til inanimatum høyrer typisk substantiv som viser til daude ting (ting utan liv), men også nokre planter. I cree er mellom anna desse substantiva animate:[3]
|
|
– og desse inanimate:
|
|
Genusa har òg ein viktig innverknad på verba, som er delte inn i fire typar, illustrerte med døme frå cree:
TA: Transitiv animat. Transitive verb med animat objekt. Døme: wāpam- 'sjå'.
TI: Transitiv inanimat. Transitive verb med inanimat objekt. Døme: wāpaht- 'sjå'.
IA: Intransitiv animat. Intransitive verb med animat subjekt. Døme: wāpi- 'sjå'.
II: Intransitiv inanimat. Intransitive verb med inanimat subjekt. Døme: timī- 'vere djup'.
Det kan hevdast at heile inndelinga handlar om skiljet mellom animatum og inanimatum. TA er verb med to animate ledd knytte til seg, TI har eitt animat og eitt inanimat ledd, IA har eitt animat ledd og II har eitt inanimat ledd. Desse setningane viser skilnaden i bruksmåte mellom dei tre cree-verba som tyder 'sjå':[4]
- TA. Wāpamāw sīsīp atimwa. 'Anda ser hunden.'
- TI. Wāpahtam sīsīp wāwi. 'Anda ser egget.'
- IA. Wāpiw sīsīp. 'Anda ser.'
Obviativ |
Bakgrunnsstoff |
- Native Languages of the Americas: Algonquian Language Family (Algic, Algonkian Indians)
Composition of Geographical Names Illustrated from the Algonkin Languages av J. Hammond Trumbull ved Project Gutenberg
Fotnotar |
↑ Lyle Campbell 1997. American Indian Languages. The Historical Linguistics of Native America. Oxford: Oxford University Press.
↑ Marianne Mithun 1999. The Languages of Native North America. (Cambridge language surveys.) Cambridge: Cambridge University Press.
↑ Jamfør til dømes den fyldige ordboka Nancy LeClaire and George Cardinal 1998. alperta ohci kehtehtayak nehiyaw otwestamâkewasinahikan. Alberta Elders' Cree Dictionary. Ed. by Earle Waugh. Edmonton: The University of Alberta Press.
↑ Fenomenet er beskrive i mellom anna C. Douglas Ellis 2000, 2004. Ê-ililîmonâniwahk. Spoken Cree. West Coast of James Bay. Vol. 1, Level I; vol. 2, Level II. Edmonton: The University of Alberta Press.
|