Det Norske Teatret




Koordinatar: 59°54′54.076″N 10°44′19.036″E




Det Norske Teatret





Stortingsgata 16 - teatrets hovudscene frå 1945 til 1985


Det Norske Teatret er eit teater i Oslo som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret vart skipa 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.


Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand 2. januar 1913, og la deretter ut på spelferd. Fyrste framsyning i Oslo var 6. oktober 1913 med Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett til nynorsk av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av at riksmålsungdomar prøvde å få stogga dei med makt ved å demonstrere i gata utanfor teatret, dei såkalla teaterslaga. Noko av det same hende i 1948, då teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing, med musikk av Harald Sæverud.


Dei fyrste åra heldt teatret hus i Teatersalen i Rosenkrantz gt 8, hjå Bondeungdomslaget i Oslo. Deretter flytte det til Stortingsgata 16, fram til det i 1985 fekk eit nytt og moderne teaterbygg i Kristian IVs gate. Nybygget var teikna av Arkitektkontoret 4B, og vart heidra med utmerkinga Betongtavlen i 1986.[1]


Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel. Dei største suksessane gjennom tidene har vore musikkspela Les Misérables, Cats, Piaf, Jesus Christ Superstar og Next to Normal. Teatret har også gjeve ut cd-ar, til dømes Så lenge skuta kan gå, som det vann Spellemannprisen med i open klasse i 1979.


Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar staten ut tre av fem valde styremedlemer, medan årsmøtet fritt vel to medlemer. Dei tilsette har to medlemer i styret.


Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teatret.


Teatersjef er Erik Ulfsby.



Teatersjefar |



  • 1912–1915 Rasmus Rasmussen

  • 1915–1916 Amund Rydland

  • 1916–1917 Anton Heiberg/Amund Rydland

  • 1917–1918 Amund Rydland

  • 1918–1920 Sigurd Eldegard/Amund Rydland

  • 1920–1922 Amund Rydland

  • 1922–1933 Ingjald Haaland

  • 1933–1934 Hans Jacob Nilsen

  • 1934–1936 Oscar Braaten

  • 1936–1942 Knut Hergel

  • 1942–1945 Cally Monrad

  • 1945–1946 Knut Hergel

  • 1946–1950 Hans Jacob Nilsen

  • 1950–1951 Edvard Drabløs

  • 1951–1953 Ole Gregor Liljedahl Barman

  • 1953–1961 Nils Sletbak

  • 1961–1975 Tormod Skagestad

  • 1975–1976 Svein Erik Brodal

  • 1976–1979 Tormod Skagestad

  • 1979–1990 Svein Erik Brodal

  • 1990–1997 Otto Homlung

  • 1997–2010 Vidar Sandem

  • 2011– Erik Ulfsby



Kjelder |





  1. Betongtavlen 1961-2008 frå Betong.net




Bakgrunnsstoff |




  • Alfred Fidjestøl Trass alt. Det norske teatret 1913-2013 Dramatiske scener frå 100 års teatereventyr, Samlaget 2013 ISBN 9788252178753

  • Det Norske Teatret sin nettstad




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum