Norheimsund






















































Norheimsund

tettstad

Norheimsund i Kvam.JPG

Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Kvam

Areal
1,96 km²

Folketal
2 281 (2017)
Folketettleik

1 164 / km²



Postnummer
5600 NORHEIMSUND

Innbyggjarnamn
Grovalark
Preposisjon

i Norheimsund




Norheimsund ligg i ytre Hardanger


Norheimsund ligg i ytre Hardanger



Wikimedia Commons: Norheimsund




Norheimsund frå tidleg 1900-tal, truleg kring 1908. Hotellet er bygd og sentrum har utvikla seg.


Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Hordaland fylke. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen, ligg ved Norheimsund.


Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og har om lag 50 butikkar og fleire tenester. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi. Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 vann Norheimsund Statens pris for attraktiv stad. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. [1]


Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Begge er tildelt Olavsrosa for å vera eit fyrtårn i Norsk Kulturarvs produktspekter. Kyrkja i Norheimsund, invigd i 1992, er bygd på dugnad og med innsamlingar. Borgstova på Vikøy prestegard er kjend som «Tidemandstova», fordi biletkunstnaren Adolph Tidemand henta inspirasjon til fleire av måleria sine her, mellom anna Haugianarane.


Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtruter mot Utne og Eidfjord, bussruter mot Bergen, mot Voss, og mot Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad. Lokalavisa for Kvam og Jondal, Hordaland Folkeblad, kjem ut i Norheimsund.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Folketalsutvikling


  • 3 Næringsliv


    • 3.1 Turisme


    • 3.2 Industri


    • 3.3 Anna




  • 4 Personar med tilknyting til Norheimsund


  • 5 Biletgalleri


  • 6 Anna


  • 7 Bakgrunnsstoff


  • 8 Kjelder


  • 9 Referansar





Historie |


Delen av Hardanger der Norheimsund ligg er fruktbar, og det har truleg budd folk her heilt sidan siste istida. Helleristingar i området er datert til om lag 4000 fvt.


Bybrannen i Bergen gjer at registreringar før 1600-talet er mangelfulle. Det er ingen registreringar som er att frå før 1300-talet. Den tidlegaste dokumentasjonen er ei rettssak om naustrekkja på Sandven som er dokumentert tilbake til midten av 1300-talet.


Klyngjetun er ein byggeskikk som går tilbake til vikingtida, og fanst i Norheimsund fram til utskiftingane frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet. Klyngjetun danna eit vern mot ytre fiendar samstundes som dei var ein effektiv måte å nytta ressursar på. Dei var likevel utsette for brann, og både klyngjetunet i Botnen og på Steine brann ned på 1800-talet og førte til utflytting. På Fykse er mykje av det gamle klyngetunet bevart den dag i dag.


På naustplassen for gardane i Steinsdalen vart det i 1850-åra etablert handel og hotell. Sentral i dette var Nils Skutlaberg som seinare tok namnet Nils Sandven. Her vart det bygd opp eit sentrum kalla «Grova».


Den fyrste brua over Straumen vart tekenn i bruk i 1876[2]. Restane av brustolpane kan ein enno sjå på vestsida av noverande bru. Bogebrua i stein vart bygd i 1909. Fylkesveg 7 går i dag over ei betongbru som vart bygd på 1970-talet.


Vegen over Tokagjelet mot Bergen vart påbyrja i 1900 og stod ferdig i 1907. Arbeidet vart utført ved at arbeidarane vart firt ned frå fjellet og hang ut frå fjellsida. Hammar og meisel var også festa med tau.


Heile det sentrale butikkstroket i Norheimsund vart lagt i oske under ein storbrann fredag 7. oktober 1932. Senteret vart bygd opp igjen i ein funksjonalistisk arkitektur i tida 1932 til 1934.


Under den andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta ein stor trengingsleir i Norheimsund, og det vart bygd store forsvarsanlegg mot fjorden.


Etter krigen har tettstaden stadig vorte bygd ut med fleire innbyggjarar og fleire verksemder og butikkar. I 1986 budde det 1 648 menneske i Norheimsund, i 1999 hadde talet auka til 1 987 og i 2005 til 2 146. Det er vanleg å sei at Vikøy og Steinsdalen inngår i Norheimsund. Det samla folketalet for desse bygdene var 3 247 i 2003.



Folketalsutvikling |




































































Folketalsutvikling i Norheimsund
År


Innbyggjarar

1920
  
177
1930
  
183
1946
  
724
1950
  
553
1960
  
1 269
1970
  
1 492
1980
  
1 686
1990
  
1 562
2000
  
1 987
2009
  
2 132
2012
  
2 224
Kjelder:

  • SSB: Norske folketeljingar


  • SSB: Folkemengd i tettstader





Næringsliv |


Viktige næringsgreiner i Norheimssund er turisme, jordbruk, handel og industri.



Turisme |


Viktige turistattraksjonar og -verksemder er:



  • Hardangerfjorden

  • Steinsdalsfossen

  • Kvamskogen

  • Sandven Hotel

  • Hardanger Fartøyvernsenter

  • Borgstova ved Vikøy kyrkjegård



Industri |


Viktige verksemder innan industri, bygg og anlegg er:



  • Lid Jarnindustri AS

  • SOCON Norheimsund Sveis AS

  • Norheimsund Industrier AS

  • Botnen Entreprenør AS



Anna |


Avisa Hordaland Folkeblad (grunnlagt i 1873) vert gitt ut i Norheimsund. Dette er den eldste noverande lokalavis i Noreg.


Opplysningen 1881 har ei avdeling i Norheimsund.



Personar med tilknyting til Norheimsund |




  • Geirr Tveitt, komponist


  • Svein Rosseland, astrofysikar og professor


  • Per Øyvind Heradstveit, journalist


  • Valgerd Svarstad Haugland, politikar og tidlegare statsråd


  • Yngve Sundvor, regissør


  • Torbjørn Hansen, politikar, stortingsrepresentant for Høgre


  • Gunnar Aksnes, professor i organisk kjemi


  • Kaare Aksnes, professor i teoretisk astrofysikk


  • Thore Eithun Helland, forfattar og jurist


  • Atle Neteland, direktør i Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK)


  • Dagfinn Neteland, direktør i Tide (kom frå direktørstillinga i HSD)


  • Johannes D. Neteland, direktør i TTS Marin


  • Mons Breidvik, kunstnar

  • Geir Botnen, pianist

  • Øyvind Nyborg, songar



Biletgalleri |




Anna |


Norheimsund sentrum blir kalla Grova, og ei nemning på folk frå Norheimsund er grovalark. Dette var tidlegare ei nedsettjande nemning men er no nøytral.


Det har ofte vore bygdestrid mellom Norheimsund og «tvillingbygda» Øystese. Sist blussa dette opp då Kvam heradsstyre i 2006 røysta for at ungdomsskuleelevane i bygdene skulle samlast i Kvam ungdomsskule i Øystese.



Bakgrunnsstoff |



  • Kvam herad si heimeside

  • Hordaland Folkeblad

  • Kart over Norheimsund

  • Webkamera i Norheimsund gjestehamn

  • Hardingtonar



Kjelder |



  • Attersyn - bygdebøker frå Kvam

  • Kvam herad

  • Olavsrosa

  • Tettstadprisen 2000

  • Hordaland Folkeblad


  • Bergens Tidende om bygdestriden mellom Norheimsund og Øystese.



Referansar |




  1. http://www.regjeringen.no/nn/dep/krd/pressesenter/pressemeldingar/2013/prisvinnande-stadutvikling-i-norheimsund.html?id=727723 Regjeringa.no "Prisvinnande stadutvikling i Norheimsund".


  2. I følge "Gamalt frå Kvam" frå Kvam Sogelag fortel at brua vart teken i bruk 1876.





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029