Lofthus




For bustadområdet Lofthus ved Årvoll i Oslo, sjå artikkelen Lofthus i Oslo.
















































Lofthus

tettstad

Ullensvang Church.jpg


Ullensvang kyrkje
Foto: Roar Johansen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Ullensvang

Areal
0,57 km²

Folketal
516 (2017)
Folketettleik

905 / km²



Postnummer
5781 LOFTHUS

Preposisjon

Lofthus


Wikimedia Commons: Lofthus




Lofthus sentrum




Lofthus gjesteheim




Hamna i Lofthus


Lofthus er ein tettstad i Ullensvang herad i Indre Hardanger i Hordaland. Staden ligg på austsida av Sørfjorden og Riksveg 13 går gjennom bygda. Sommarstid går det snøggbåt mellom Norheimsund, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord og Ulvik. Det vert halde NM i morellsteinspytting på Morellfestivalen på Lofthus siste helga i juli kvart år.




Innhaldsliste






  • 1 Landskap


  • 2 Bygningar


  • 3 Kjende personar frå Lofthus


  • 4 Kjelder





Landskap |


Lofthus er særprega av Skrikjofossen, den 31. høgaste fossen i Noreg, som kan sjåst frå størsteparten av bygda. Dei to elvane Opo i Ullensvang og Skrikjo kjem begge ned til Lofthus frå Hardangervidda. Elvane møtest og heiter etter dette berre Opo. Opo renn raskt gjennom bygda og munnar ut i Sørfjorden. Opo har også gitt namn til området Opedal.


Lofthus har svært mykje fruktdyrking, både av eple, pærer, plommer og moreller, og eige fruktlager. I dei seinare åra har det vorte laga til ein fruktsti for dei mange turistane som vitjar staden. Fruktstien består av ulike informasjonsskilt om fruktdyrkinga rundt om i bygda. Det finst også eit statleg forskingssenter for fruktdyrking her; Bioforsk.


Hardangervidda er lett tilgjengeleg frå Lofthus. Det går både traktorveg og sti rett opp lia frå bygda. På cirka 900 m.o.h. ovanfor Lofthus ligg fjelltoppen Nosi, som har fått namnet sitt fordi han kan likna på ein nase. På veg opp hit passerer ein også dei såkalla Munkatreppene. Området rundt Nosi vert ofte brukt til paragliding.



Bygningar |


Lofthus har både daglegvarehandel, kiosk, husflidsbutikk, fotobutikk, pub, frisørsalong, campingplass og gjesteheim.


Barneskulen Opedal Skule ligg på Lofthus. Her går elevane frå Lofthus frå 1. t.o.m. 7. klasse; etter det startar dei på Kinsarvik Skule.


På Lofthus står Ullensvang kyrkje, som er ei steinkyrkje bygd på 1200-talet. På Lofthus ligg også det kjende Hotel Ullensvang, som i dag eig komponisthytta til Edvard Grieg, Komposten, frå den tida han budde på Lofthus for å få inspirasjon til musikken sin.


Hardanger Folkehøgskule er å finna på Lofthus. Om somrane, når folkehøgskulen har sommarferie, vert bygget brukt som vandrarheim.
Eit par kilometer nordover frå Lofthus ligg friluftsmuséet Skredhaugen.



Kjende personar frå Lofthus |




  • Arild Helleland, operasongar


  • Halldor O. Opedal, lokalhistorikar


  • Edmund Harris Utne, næringslivsleiar.


Lofthus er også i bruk som slektsnamn, i dag er det 420 personar som har Lofthus som etternamn. Nokre kjende berarar er:




  • Lars Lofthus, (1798 - 1892) – spelemann frå Voss.


  • Olav Lofthus, (1847 - 1894) – norsk journalist og redaktør


  • Arne Lofthus, (1881 - 1962) – norsk-dansk målar.


  • Torstein Lofthus (f. 1977) – trommeslagar frå Øystese


  • Lars Korff Lofthus (f. 1978) – biletkunstnar frå Lofthus



Kjelder |


  • Store Norske Leksikon om Lofthus




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum