Signy Island
Koordinatar:
Signy Island | |
øy | |
Basen på Signy Island | |
Land | Antarktis |
---|---|
Øygruppe | Sør-Orknøyane |
Stad | Antarktis |
- høgd | 288 moh. |
- koordinatar | |
Lengd | 6,5 km |
Folketal | 10 |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Wikimedia Commons: Signy Island | |
Signy Island er ei lita subantarktisk øy i Sør-Orknøyane. Ho vart namngjeven av den norske kvalfangarkapteinen Petter Sørlle etter kona Signy Therese.
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Sjå òg
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Ho er kring 6,5 km lang og 5 km brei og har ei høgd på 288 moh above sea level. Det meste av øya er permanent dekt av is og middeltemperaturen er kring 0 °C til -10 °C om vinteren (i juli), men temperaturen har vorte målt til mellom 12 og -44 °C.
British Antarctic Survey har Signy forskingsstasjon på øya, ein forskingsstasjon for forsking på biologi. Basen opna 18. mars 1947 der det tidlegare hadde vore ein kvalstasjon i 1920-åra. Stasjonen var bemanna året rundt fram til 1996, og sidan då berre frå november til april. Han husar kring 10 menneske.[1]
Sjå òg |
- Composite Antarctic Gazetteer
- Antarktiske og subantarktiske øyar
- Scientific Committee on Antarctic Research
- kravområde i Antarktis
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Signy Island» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Who We Are» (Web). Natural Environment Research Council. Henta 2007-11-11.
Bakgrunnsstoff |
- BAS page on Signy
- Another page on Signy from the British Antarctic Survey (Heritage Stations)
|