Kinsarvik

















































Kinsarvik

tettstad

Kinsarvik frå Kinsarvikbukti.jpg

Kinsarvik sett frå Kinsarvikbukti

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Ullensvang

Areal
0,69 km²

Folketal
553 (2017)
Folketettleik

801 / km²



Postnummer
5780 KINSARVIK

Preposisjon

i Kinsarvik


Wikimedia Commons: Kinsarvik




Ullensvang heradshus i Kinsarvik




Ferjekaia i Kinsarvik
Foto: Ed Fenton





Fabrikkutsalet til Hardangerbestikk




Riksveg 13 kryssar elva Kinso.


Kinsarvik er heradssenteret i Ullensvang herad i Hordaland fylke. Kinsarvik er også eit kyrkjesokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja, og det har tidlegare vore namnet på ein kommune.


Namnet Kinsarvik kjem frå elva Kinso, som renn ut i Hardangerfjorden i Kinsarvik. Kinso kjem av kinn, som tyder bratt fjellside.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi og fasilitetar


  • 2 Kaupangen i Kinsarvik


  • 3 Samferdsle


  • 4 Kinsarvik kommune


    • 4.1 Folketalsutvikling




  • 5 Kyrkjesoknet Kinsarvik


  • 6 Slektsnamnet Kinsarvik


  • 7 Referansar





Geografi og fasilitetar |


Tettstaden Kinsarvik ligg ved Hardangerfjorden, aust for innlaupet til Sørfjorden, om lag 40 kilometer nord for Odda sentrum. Kinsarvik ligg sentralt i indre Hardanger og har frå naturen si side alle vilkår til å verta ein samlingsstad. Fjordarmane møtest og når skip kom inn fjorden ville det vera naturleg å leggja til i Kinsarvik. Ein av dei lettaste vegane over Hardangervidda for dei som kom austfrå og skulle ned til fjorden gjekk ned i Kinsarvik.


I Kinsarvik finst bestikkprodusenten Hardanger Bestikk, ei avdeling av Statens Kartverk, Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak, ein go-kart-bane og campingplassen og leirskulen Hardangertun med tilhøyrande familiepark. Kinsarvik har 2 campingplassar til forutan Hardangertun, og Kinsarvik Fjord Hotel ligg òg her.


Av fasilitetar finn me vidare bibliotek, fleire matbutikkar og suvenirbutikkar, heilårsopen turistinformasjon og helikopterbase. Som heradssenter har Kinsarvik også heradshus, lensmannskontor og fleire kommunale tenester.


Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Ungdomsskulen samlar elevar frå heile austdelen av Ullensvang, heilt frå Ytre Bu ved grensa til Eidfjord kommune til Fresvik ved grensa til Odda kommune.


Ein populær turistveg i Kinsarvik går gjennom Husedalen, der ein kan passera fossane Tveitafossen, Nyastølsfossen, Nykkjesøyfossen og Søtefossen. Turen tek cirka 4-5 timar.


Frå Husedalen er det også mogleg å gå opp til Den Norske Turistforening si hytte på Stavali på Hardangervidda. Dette er ein dagstur.



Kaupangen i Kinsarvik |


Det heiter at Kinsarvik var ein kaupang og samlingsstad for Hardangerbygdene. Kaupangen skal ha vorte øydelagd av ein brann.
Når det var gjort utgravingar på almerket framom kyrkja fann ein svært mange bruksgjenstandar frå mellomalderen mellom anna spikrar, ei klebersteinsause, messingnaglar, messigbeslag, delar av ei skålvekt og mykje keramikk. Under torva låg det og trekol og brende steinar.



Samferdsle |


Riksveg 13 går gjennom tettstaden nede ved fjorden. Frå Kinsarvik er det ferjesamband til Utne og Kvanndal. Før Vallaviktunnelen opna i 1985, og saman med ferjesambandet Bruravik-Brimnes tok over det meste av langvegstrafikken, var Kinsarvik-Utne-Kvanndal det viktigaste ferjesambandet for trafikk som skulle over Hardangerfjorden før eller etter turen over Hardangervidda (Riksveg 7).


Sommarstid går det snøggbåt mellom Norheimsund, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord sentrum og Ulvik.



Kinsarvik kommune |


Kinsarvik har vore brukt som kommunenamn i to bolkar. I fyrste bolken famna Kinsarvik kommune det som i dag er Ullensvang herad og Odda kommune, med unntak av Røldal. Denne kommunen skifta i 1870 namn til Ullensvang. Andre bolken starta i 1913 då Ullensvang vart delt i tre kommunar, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. Grovt skissert omfatta Kinsarvik kommune då landet rundt Utnefjorden og det av landet på austsida av Folgefonnhalvøya som i dag høyrer til Ullensvang. Landet i kommunen låg altså på fire sider av Hardangerfjorden, der han deler seg opp i Granvinsfjorden, Eidfjorden og Sørfjorden. I 1964 vart Kinsarvik slege saman med Ullensvang att.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for gamle Kinsarvik kommune 1913-1964:





















1.7.1913
1.12.1920[1]
1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3]
1.1.1961[3]
1.1.1964
1736
1717
1631
1775
1649
1611
1585


Kyrkjesoknet Kinsarvik |





Kinsarvik kyrkje frå midten av 1100-talet.
Foto: Roar Johansen



Kinsarvik er eit kyrkjesokn under Ullensvang fellesråd i Ullensvang prestegjeld i Hardanger og Voss prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Kinsarvik kyrkje, ei steinkyrkje bygd 1150–1160.[4]



Slektsnamnet Kinsarvik |


Kinsarvik har også vore nytta som slektsnamn, ein kjend berar er treskjeraren og møbelmakaren Lars Kinsarvik. I dag er det berre sju personar som ber slektsnamnet Kinsarvik i Noreg.[5]



Referansar |





  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,1 Folkemengd i Kinsarvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  4. DIS-Hordaland om Kinsarvik kyrkje.


  5. Søk i namnedatabasen til SSB






Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum