Lom kommune


































































Lom kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter

Fossbergom

Areal
1 969 km²
 - land
1 900 km²
 - vatn
69 km²

Folketal
2 331 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Bjarne Eiolf Holø (Sp)


Kommunenr.
0514




NO 0514 Lom.svg




Wikimedia Commons: Lom, Norway

Nettstad: www.lom.kommune.no


Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine noverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.


Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom. Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Samferdsle


  • 4 Kultur


  • 5 Kjende personar frå Lom kommune


  • 6 Verdt å sjå i Lom kommune


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Galdhøpiggen




Glittertind


Mesteparten av arealet i Lom er snaufjell og brear der over 90% av arealet ligg over 900 moh. Innan kommunen ligg meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og båe dei to høgaste fjelltoppane i Noreg, Galdhøpiggen på 2469 moh. og Glittertind, som er fast fjell på 2452 moh. med ein isbre på toppen. Gjennom fjellområda i kommunen går to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Desse to dalane møtest ved tettstaden Fossbergom. Folk bur for det meste langsmed sørsida av Ottadalen. Andre busette område i kommunen er Lia, Garmo og Bøverdalen.



Næringsliv |


Den viktigaste enkeltnæringa i Lom er jord- og skogbruk. Grunna det turre klimaet må bøndene bruke vatningsanlegg. Lom har den norske rekorden for minst nedbør i laupet av eitt år, 130 mm i 1911. Turisme er ei viktig næring takk vere plasseringa mellom fjellområde, med ei rekkje hotell og turisthytter både i Fossbergom og oppover i Bøverdalen. Fleire naturområde i Lom er verna, mellom andre delane av kommunen som ligg innanfor nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i tillegg til tre mindre naturreservat.



Samferdsle |


Dei viktigaste ferdselsårane gjennom Lom er Rv15 (heilårsvegen Otta-Måløy over Strynefjell) og Fv55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen gjennom Leikanger til Vadheim i Høyanger. Det er òg samband med ekspressbuss til m.a. Bergen, Trondheim og Oslo.



Kultur |




Lom stavkyrkje med Skjåk i bakgrunnen


Lom har fleire minne frå eldre kultur, m.a. Lom stavkyrkje. Garmo kyrkje vart riven i 1880 og atterreist på Maihaugen på Lillehammer som del av De Sandvigske samlinger. På Fossbergom Steinsenterer det samlingar av stein frå heile verda, særleg mange mineral frå Jotunheimen. Norsk fjellmuseum opna i 1994. Lom bygdemuseum er ein del av det konsoliderte Museet i Nord-Gudbrandsdalen og har fleire bygningar, m.a. Tor-Jonsson stugu, der diktaren voks opp. Ein minnestein er reist ved Hamsunstugu på Garmo, som er fødestaden til Knut Hamsun. Annakvart år vert litteraturfestivalen Diktardagar arrangert.



Kjende personar frå Lom kommune |




  • Tosten Flatmo (1831-1886), biletskjerar


  • Olav Aukrust (1883–1929), lyrikar


  • Knut Hamsun (1859-1952), forfattar


  • Tor Jonsson (1916–1951), lyrikar


  • Stein Haugen (1933-2008), friidrettsutøvar



Verdt å sjå i Lom kommune |



  • Lom stavkyrkje

  • Fossheim steinsenter

  • Norsk Fjellmuseum

  • Lom Bygdemuseum

  • Stavkyrkjesenteret

  • Presthaugen

  • Hamsun-Stugu



Kjelder |




  • «Lom» Store Norske Leksikon


  • «Lom kommune, Oppland» Allkunne



Bakgrunnsstoff |



  • Lom kommune


  • Vêrvarsel for Lom - yr.no


  • Fjuken - Lokalavis i Lom


  • Opplev Lom - Turistinformasjon om Lom









Koordinatar: 61°50′11″N 8°34′5.2″E





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum