Turkmenistan
Türkmenistan Jumhuriyäti Republik Turkmenistan (norsk: Turkmenistan, turkmensk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Garaşsyz, Bitarap,Türkmenistanyň Döwlet Gimni» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | turkmensk | ||||||
Hovudstad | Asjkhabad | ||||||
Styresett President og statsminister | Republikk Gurbanguly Berdimuhamedow | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 488 100 km² (52.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 5 351 277 (118.) 11 /km² (179.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært | Frå Sovjetunionen 27. oktober 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 27. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 90 290 mill. USD (83.) 16 100 USD (80.) | ||||||
Valuta | Turkmensk manat | ||||||
Tidssone | UTC +5 | ||||||
Telefonkode | +993 | ||||||
Toppnivådomene | .tm |
Turkmenistan er eit land i Sentral-Asia. Det grensar til Afghanistan, Iran, Kasakhstan, Usbekistan og Kaspihavet.
Turkmenistan var eit diktatur fram til desember 2006, då den sjølvutnemnde livstidspresidenten Saparmurat Nijazov døydde. Han styrte landet saman med det tidlegare kommunistpartiet i landet, som er det einaste tillatne. Presidenten vart dyrka gjennom avbildingar og statuar, medan dei to bøkene hans er pensum i skulen. Reiser og kommunikasjon, til dømes media, er underlagde streng kontroll.
Klima |
Turkmenistan har eit kontinentalt klima med store daglege og årlege temperatursvingingar. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i landet. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Dei mest støvete områda er dei sentrale områda av Turkmenistan, som kan ha 60 eller fleire slike dagar i året. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Om sommaren kjem temperaturen sjeldan under 35 °C; om vinteren fell han ofte under -30 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behagelege temperaturar, mykje sol og lite nedbør. Asjgabat har ein årleg nedbørsnormal på 228 mm, men i ørkenområda kjem det berre kring 80 mm nedbør i året. I fjellstrøka kan det kome kring 300 mm.
Sentral-Asia | |
---|---|
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Turkmenistan | Usbekistan | Tadsjikistan | Delar av Russland | Delar av Kina (Xinjiang) |
Kjelder |
- en:Turkmenistan
en:Politics of Turkmenistan
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|