Bergart

Multi tool use
Multi tool use






Fjellsida nær Orosí i Costa Rica.


Bergart er eit geologisk uttrykk som vert nytta til å klassifisere forskjellige typar stein på same måte som art vert nytta i biologien. Læra om bergartane vert kalla petrologi, som omfattar dei bergartdannande prosessane i og på overflata av jorda, men mest klassifiseringa av bergartane ut frå strukturen og kva for mineral dei er bygd opp av.


Bergarter er danna av mineral og material frå eldre forvitra bergarter, og er kjemisk samansett. Men òg kalkrike rester frå dyr (kalkstein og marmor) kan inngå i ein bergart. Det er måten bergarten er vorte danna på og samansetjinga av minerala som gjev bergartane forskjellige eigenskapar.


Det vert skild mellom tre hovudgrupper av bergarter, ut frå korleis dei har vorte danna.




Innhaldsliste






  • 1 Magmatiske bergartar


  • 2 Sedimentære bergartar


  • 3 Metamorfe bergartar


  • 4 Vanlege bergartar


  • 5 Bakgrunnsstoff


  • 6 Kjelder





Magmatiske bergartar |



  • Magmatiske bergartar er bergartar som har vorte danna ved at magma frå det indre av jorda har størkna. Dette kan skje på jordoverflata i samband med vulkanisme. Slike bergarter er størkna (avkjølt) hurtig og vert kalla dagbergartar. Dei som størknar på veg opp til overflata vert kalla gangbergartar. Bergartane kan òg dannast ved at magma størknar ned i jordskorpa. Som i kanalen til ein vulkan. Desse vert kalla djupbergartar.


Sedimentære bergartar |



  • Sedimentære bergartar er bergartar som har vorte danna ved avsetning (sedimentering) av mineral og gamle bergartsfragmentar. Dette skjer for det meste på botn av vatn (havbotn), men avsetninga kan òg ha skjedd ved vind.


Metamorfe bergartar |



  • Metamorfe bergartar er ei omdanna bergart. Omdanninga (metamorfosen) skjer når ein bergart (eller fleire) vert utsett for høgt trykk og temperatur, slik at han smeltar. Bergarten vil då bli omstrukturert og minerala vil verte heilt eller delvis omkrystallisert. Ein metamorf bergart er danna frå magmatiske- eller sedimentære bergarter, eller frå ei blanding av begge.


Vanlege bergartar |












































































































Namn Kategori (etter danning) Hovudmineral Eigenskapar Bruksområde
Granitt Magmatisk
Feltspat, kvarts, biotitt
Hard, slitesterk Bygnings- og prydstein
Syenitt Magmatisk Feltspat, biotitt, Hard, slitesterk Bygnings- og prydstein
Gabbro Magmatisk Feltspat, mørke minral Hard, seig Pukk, vegdekke
Basalt Magmatisk Feltspat, pyroksen
Hard, seig Pukk, vegdekke
Leirstein Sedimentær
Illitt, kloritt
Mjuk, kan svelle i vatn Råstoff for sement
Sandstein Sedimentær Kvarts Porøs Bygningsstein
Konglomerat Sedimentær Forskjellig - Prydstein, bygningsstein
Kalkstein Sedimentær
Kalsitt (kalkspat)
Hard, finkorna Bygningsstein, råstoff for sement m.m
Leirskifer Metamorf Kvarts, glimmer
Skifrig Taktekking, heller
Kvartsitt Metamorf Kvarts Særs hard
Silisiumråstoff, vegdekke
Marmor Metamorf Kalsitt (kalkspat) Tydeleg krystallin, gjennomskinnelig Bygnings- og prydstein, filler
Kleberstein Metamorf
Talk, kloritt, magnesitt
Mjuk, massiv Pryd- og bygningstein
Gneis Metamorf Kvarts, feltspat, glimmer Massiv til skifrig Bygningsstein, pukk
Amfibolitt Metamorf
Plagioklas, hornblende
Massiv til skifrig Fyllmasse, pukk


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergart



  • Geologisk studiesamling om mineral, bergarter, fossil osv.

  • Kva er ein bergart?

  • Geologisk museum si liste over bergartar i Norge


  • Bli kjent med bergarter, skrive for skuleelevar



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Bergart» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2008.





6i00tlqYnHKNVScYcbNYhdJRdgH PANRzsSwR8ja1 e4VCT 2fZ5kgps 0Aihb,5t1u1NqM,6B6GnVAFm YT0kw9LEOIR3qBy
gLrV15kr KQgqw2 fZCBGrczQfT0cUM9T 8qtqgfiKKU6 NTT jG,U A8y,HFtU x,a7pyk4GwSEDFDa

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669