Eidfjord gamle kyrkje




For den noverande soknkyrkja, sjå Eidfjord kyrkje.

Koordinatar: 60°27′41″N 7°4′14″E
















































Eidfjord gamle kyrkje

kyrkje

Eidfjord gamle kyrkje ca 1309.jpg

Kyrkjesamfunn

Den norske kyrkja
Bispedøme

Bjørgvin
Prosti

Hardanger og Voss
Sokn

Eidfjord
Fellesråd

Eidfjord

Type

Langkyrkje
Periode

Gotisk
Material

Stein

Sitjeplassar
Om lag 100


Wikimedia Commons: Eidfjord gamle kyrkje


Eidfjord gamle kyrkje. tidlegare kalla Vik kyrkje, er ei steinkyrkje frå mellomalderen i Eidfjord kommune i Hordaland.
Kyrkja skal vere frå 1300-talet.
Takryttaren og våpenhuset er påbygd seinare.
Kyrkja ligg i Eidfjord sentrum (Nedre Eidfjord) og var hovudkyrkje i Eidfjord sokn til den nye Eidfjordskyrkja, Eidfjord kyrkje, vart innvigd 31. mai 1981. Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.


Innvendig står kyrkja mykje som ho var på 1700-talet, og ho gjev difor i dag eit uvanleg godt inntrykk av korleis det kunne opplevast å vere i ei lita landsens mellomalderkyrkje i Noreg for 200–300 år sidan.




Interiørbilete frå 1912. Lite er endra i kyrkja sidan biletet vart teke, og ho hadde då stått utan større endringar innvendig sidan 1700-talet. Korskiljet vart mykje endra på 1600-/1700-talet. Tidlegare gjekk det høgare. Delar av korskiljet kan vere eldre enn kyrkja.
Foto: Anders Beer Wilse





Eidfjord gamle kyrkje fotografert i 1927.
Foto: Anders Beer Wilse





Innhaldsliste






  • 1 Rike-Ragna


  • 2 Likskap med Hvalseykyrkja på Grønland


  • 3 Kjelder


  • 4 Fotnotar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Rike-Ragna |


Inni kyrkja står ein gravstein ved veggen i koret.
På gravsteinen står mellom anna «Her kviler Ragna Åsolvsdotter er dessa kirkju let gjera».
I steinen er det òg innhogd eit bilete av ei knelande kvinne som rekkjer fram ein kyrkjemodell til ein person i sid kjortel.
Den kjortelkledde mannen ber attributtane til apostelen Jakob den eldre, han er pilegrimskledd og har ein pilegrimstav i høgre handa og ein bibel i venstre.
Ifylgje ei segn, som fyrste gongen vart nedteikna i 1822[1], var det ei kvinne kalla Rike-Ragna som fekk sett opp kyrkja.
Ho fekk kyrkja bygd for å sone syndene sine.
Den verste av illgjerningane hennar var at ho på ein tur til byen skal ha sett att mann sin på eit skjer, noko som enda med at han drukna då det flødde.



Likskap med Hvalseykyrkja på Grønland |




Kyrkjeruinane på Hvalsey


Kyrkjeruinane på Hvalsey i det tidlegare norrøne Austerbygd på Grønland har så like mål med gamlekyrkja i Eidfjord at det kan reise spørsmål om det er dei same folka som har sett opp begge desse kyrkjene, eller om det er brukt same teikninga.[2]



Kjelder |



  • Norges kirker: «Eidfjord gamle kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Eidfjord gamel kyrkje», s. 364



Fotnotar |





  1. P.M. Bremnes: «Steinkirken i Eidfjord, når er den oppført?»


  2. Jared Diamond: Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed




Bakgrunnsstoff |



  • Knut Skaar: «Eidfjord Kyrkja» på nettstaden rike-ragna.no

  • Om Eidfjord gamle kyrkje på nettstaden til Eidfjord kommune

  • Om Eidfjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja

  • Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket

  • Oversyn over gravminne i Eidfjord kommune på nettstaden disnorge.no




  • Vis Eidfjord gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

    Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.










Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum