5. oktober
5. oktober er den 278. dagen i den gregorianske kalenderen (279. under skotår). Det er 87 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
1.3.1 Helgendag i den katolske kyrkja
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
- Verdas lærardag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Republikkens dag i Portugal
Grunnlovsdag på Vanuatu
Hærens dag i Indonesia
Lærardag i Pakistan
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 5. oktober i 2019:
- navaratri
Namnedag |
Noreg | Brynjar, Boye og Bo |
Sverige | Bror |
Danmark | Placidus |
Helgendag i den katolske kyrkja |
- Maurus
- Placidus av Subiaco
Hendingar |
Utlandet |
1864: Calcutta i India blei totaløydelagd av ein syklon. 60 000 omkom.
1910: Den portugisiske republikken blei skipa gjennom eit statskupp utført av Partido Republicano Português. Teófilo Braga blei president for ei fungerande regjering.
1943: Andre verdskrigen: Korsika blei erobra av dei allierte.
1975: Det provisoriske IRA sprengde ei bombe i Guildford o England. Fem omkom, meir enn hundre skadet. Guildford Four blei seinare uskyldig dømde for terroraksjonen.
Noreg |
1919: Eit klart fleirtal av veljarane i Noreg røysta ja til å forby framstilling, innførsel og omsetning av brennevin og sterkvin. Forbodet stod ved lag i vel sju år.
1925: Grønlandskrisa tok til då Noreg melde frå til England at ein ikkje ville godkjenna Danmark sin rett på Grønland.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 5. oktober.
1712: Francesco Guardi, italiensk målar
1713: Denis Diderot, fransk filsof og forfattar
1802: Andreas Faye, norsk prest og forfattar
1878: Gro Holm, norsk forfattar
1887: René Cassin, fransk politikar
1936: Vaclav Havel, tsjekkisk president
1940: Eldrid Lunden, norsk lyrikar, første norske professor i skrivekunst
1954: Bob Geldof, irsk musikar
1975: Kate Winslet, britisk skodespelar
Døde |
- Sjå òg Døde den 5. oktober.
1565: Lodovico Ferrari, italiensk matematikar
1763: August III av Polen, kurfyrste av Sachsen, storhertug av Litauen og konge av Polen
1880: Jacques Offenbach, tysk-fransk komponist
1933: Renée Adorée, fransk skodespelar
1938: Faustina Kowalska, polsk nonne og helgen
1976: Lars Onsager, norsk kjemikar og nobelprisvinnar
2010: Jack Berntsen, norsk visesongar
2011: Steve Jobs, USA-amerikansk dataentreprenør
Bert Jansch, britisk musikant
< Oktober > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |